Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Freda bygningar og anlegg - tilskott

  • Statlege spelemidlar til idrettsformål

    Generelt

    Vil du byggja ein sandvolleyballbane, ein ballbinge eller ein klatrevegg? Du kan søkje kommunen om tilskott til å byggje eit idrettsanlegg eller eit uteområde berekna for fysisk aktivitet.

    Idrettslag kan søkje om tilskott for å byggje eit idrettsanlegg eller for å rehabilitere eller innrede eit eksisterande idrettsanlegg. Eit anlegg kan vere alt frå ein klatrevegg til ein alpinbakke.
     
    Borettslag og samskipnader kan òg søkje om tilskott til å utvikle eit nærmiljøanlegg, som er eit utendørsområde for egenorganisert fysisk aktivitet. Til dømes ein trimpark eller ein ballbinge.
     
    Reine reiskapsleikeplassar (sandkasser, hugsar, sklier, vippar, klatrehus osb.) fell utanfor ordninga. Personleg utstyr og forbruksmateriell (ballar, racketar osb.) er heller ikkje tilskuddsberettiget.

    Målgruppe

    Midlar til idrettsanlegg kan søkjast av blant anna kommunar, idrettslag og ikkje-kommersielle selskap med idrett som føremål. 
     
    Midlar til nærmiljøanlegg kan òg søkjast av velforeninger og borettslag.

    Vilkår

    Kulturdepartementet har utforma retningslinjene for kven som kan søkje og korleis å søkje.
     
    Skal du søkje om tilskott til eit idrettsanlegg, må du følgje retningslinjene i kapittel 2 i Avgjerder om tilskott til anlegg for idrett og fysisk aktivitet - 2018.
     
    Skal du søkje om tilskott til utvikling av eit nærmiljøanlegg, må du følgje retningslinjene i kapittel 3 i Avgjerder om tilskott til anlegg for idrett og fysisk aktivitet - 2018.

    Brosjyrer

    Kontaktavdeling

    Tenestetorget

    Telefon35 06 23 00
    E-postpostmottak@vinje.kommune.no
    Nettadressehttp://www.vinje.kommune.no/
    PostadresseVinjevegen 192, 3890 VINJE
    BesøksadresseKommunehuset, Vinjevegen 192

    Lovar og retningsliner

    Årshjul
     

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Alle spelemiddelsøknadar skal sendast inn på elektronisk søknadsskjema frå Kulturdepartementet. Alle nye anlegg må ha eit anleggsnummer. Kommunen kan hjelpe deg med søknaden.

    Skjema

    Søknadsfrist

    - Innmelding av nye anlegg til idrotts- og friluftsplanen 1. juni.

    - Idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning 1. oktober

    - Innsending av søknadsskjema for spelemidlar til kommunen 1. november. 

    Høve til å klage

    Viss du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til Kulturdepartementet innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgt med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du henvende deg til kommunen eller til fylkeskommunen.

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk