Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kommunale tilskotsordningar

Vinje kommune har eit eige regelverk for kommunale tilskot som viser kva type tiltak det blir gjeve tilskot til, tilskotsprosent og eventuelle prioriteringar


Søknadsskjema og reglar for kommunalt tilskot i landbruket


Reglar for kommunalt tilskot til landbruksføremål

(Vedteke i kommunestyret 14.02.2013)

FØREMÅL

Vere eit verktøy for å nå måla i landbruksplanen – der hovudmålet er auka lønsemd, produksjon, auka tal bruk i drift, betre rekruttering og busetjing i det tradisjonelle landbruket. Auke etableringsaktiviteten for tilleggsnæringar.

GENERELLE KRAV

1. Eigar eller brukar av landbruks– eller utmarkseigedom i Vinje, kan søkje om tilskot etter dette regelverket – også fellestiltak. Det er krav om femårig skriftleg leigeavtale der tiltaket skjer på leigd grunn.
2. Større investeringssøknadar skal godkjennast på førehand. Kommunen tek atterhald om ledige midlar.
3. Det er krav til minst ti års drift etter sluttgodkjenning av tiltaket på eigedomen. Det skal vere drift i tråd med til dømes driftsplan – dette gjeld uavhengig av eigarskifte. Blir drifta avvikla innan ti år kan kommune krevje at tilskotet blir betalt tilbake, med 10 % nedtrapping for kvart år.
4. Det er søkjer sitt ansvar at tiltaket er i tråd med gjeldande lovar og reglar.
5. Klagefrist for vedtak etter regelverket er tre veker. Klageinstans er kommunal klagenemnd. 

SAKSHANDSAMING

6. Søknader skal vere skriftlege. Kommunen set krav til søknader og dokumentasjon, jf. søknadsskjema. Søknadar blir handsama fortløpande og kan knytast opp mot eventuell søknad til Innovasjon Norge. 
7. I medhald av delegasjonsreglementet gjev plan- og miljøutvalet rådmannen mynde til å gjere vedtak i kurante saker etter regelverket. Dette gjeld og for andre søknader med løyving under kr 10 000,-. 
8. Sakshandsamar skriv vedtak, fastset arbeidsfrist og vilkår som gjeld for tilskotet. 
9. Kommunen kan krevje dokumentasjon av kostnadar, og kan krevje synfaring ved sluttgodkjenning.
10. Det kan søkjast om utsett arbeidsfrist, men ikkje meir enn totalt fem år. Kommunen kan utan varsel trekke inn løyvingar som ikkje er nytta innan fastsett arbeidsfrist.
11. Søkjar kan få delutbetalingar undervegs i tråd med framdrift av tiltaket. Minst 10% av tilskotet skal haldast tilbake til sluttgodkjenning.
12. For større investeringssøknader skal søkjar gje ei skriftleg aksept av tilbodet.

 
Satsingsområde Satsar
Driftsbygning for sau, geit og storfe. Nybygg, ombygging, eller oppgradering etter offentlege krav,
samt stølsfjøs inklusive veg, vatn og straum
Inntil 20 % av kostnad - maks kr 600 000,- 
Kjøp av privat eller statleg mjølkekvote for ku og geit Inntil 50 % av statleg literpris 
Grøfting av dyrka mark - gjeld for lukka drensgrøft Kr 60,- pr meter grøft
Oppgradering av dyrka mark – utover ordinær fornying av eng
Kr 1 200,- pr da 
Jakt- og fisketiltak for å utnytte ressursane betre, som t.d. storruser, eller foredlingsanlegg  
Inntil 20 % av kostnad - maks kr 100 000,- 
Skogbruk – tilskot til planting i følgje rekning
Kr 0,50 pr plante 
Skiping av grunneigar- eller utmarkslag  Kr 5 000,- 
Tilleggs- eller bygdenæringar på gardsbruk med utgangspunkt i eigedomen sine ressursar. Investerings- og etablerkostnadar. Gjeld ikkje utleigehytter.  Inntil 20 % av kostnad - maks kr 100 000,-
Grovfôrtilskot til veglause bruk på Møsstrond – for dei som mottek produksjonstilskot i jordbruket  Kr 100,- pr da
Grunnlag for tilskot er eksl. meirverdiavgift

UNNTAK FRÅ REGLANE

1. Fellestiltak som til dømes fellesstøl, samdrift kan støttast med tilskot inntil 20 %, maks kr 900 000,-
2. Det kan gjevast tilskot til nydyrking med kr 2000,- pr. da – maks kr 100 000,- pr. bruk over fem år. 
3. Det kan gjevast tilskot til driftsbygning for andre husdyr enn nemnt over
4. Plan- og miljøutvalet gjer vedtak i saker som gjeld unntak frå regelverket

For investeringar t.d. til driftsbygningar har me ingen søknadsfristar, søknadar kan leverast heile året.

Andre tilskotstypar kan betalast ut etter kvart gjennom året.



  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk