Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Luftfartøy

I medhald av § 5 i Forskrift om motorferdsel i utmark og vassdrag, Vinje kommune, Telemark treng ein ikkje søkje løyve for landing og start med luftfartøy i utmark utanfor Hardangervidda nasjonalpark og andre verneområde for følgjande føremål:

a. nødvendig transport av materialar og utstyr til bygging i samsvar med byggeløyve,
b. nødvendig transport i samband med tilsyn og vedlikehald av kraftanlegg,
c. nødvendig transport i samband med vitskapelege undersøkingar etter oppdrag frå forskingsinstitusjon

All anna bruk av luftfartøy må det søkast om. Søknaden handsamast administrativt. Vedtaket på søknaden kan klagast på seinast innan 3 veker etter at ein har fått beskjed om vedtaket.


Søknaden må innehalde:
  • Skildring av føremålet med transporten
  • Kven som skal køyre
  • Kvar (trasé eller område) det er bruk for transport
  • Dato og tidspunkt som det er bruk for transport

Mangelfulle søknadar vil bli returnera.


Klikk her for søknadsskjema.



  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk