Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Snøskuter

Snøskuter: Transportar som ikkje treng søke om løyve

Heimel: Motorferdsellova § 4 og Forskrift for bruk av motorkjøretøy i utmark (etc.) §§ 2 og 3. 

Det er tillate å køyre snøskuter og anna køyretøy på vinterføre i samband med:



  • Politi- ambulanse-, rednings-, oppsyn- og tilsynsteneste med heimel i lova.
  • Offentlege post- og teletenester.
  • Person- og godstransport til og frå faste bustader og i samband med jordbruk skogbruk- og reindriftsnæring (ikkje bærplukking, jakt og fiske).
  • Forsvarets transportar.
  • Anlegg og drift av offentlege vegar og større anlegg.
  • Rutetransport (i samsvar med yrkestransportlova).
  • Transport av jaktutbytte av elg og hjort.
  • Fiskekultivering i offentleg regi.
  • Naudsynt drift av turistanlegg (overnattings- og serveringsstader m.m.) som ikkje ligg langs brøyta bilveg.
  • Transport av materialar, utstyr og arbeidsfolk til bygging i samsvar med byggjeløyve.
  • Opparbeiding og preparering av skiløyper/skibakkar for ålmenta, når det blir gjort av ein frivillig organisasjon eller kommune. 
  • Naudsynt transport i samband med vitskaplege undersøkingar på oppdrag frå ein forskingsinstitusjon (dyretelling, registreringar m.m.)
  • Transport av ved frå sin eigen eigedom til eigen bustad (til eige bruk)
  • Køyretrening på område som er fastsett av fylkesmannen
  • Akuttiltak for å redusere påkøyringsrisiko av hjortevilt langs veg eller jernbane
  • Søk etter skadd storvilt utanfor ordinær jakt i regi av kommunen








Snøskuter: Transport til og frå hytte 

I medhald av Forskrift for bruk av motorkjøretøy i utmark (etc.) § 5, bokstav c, kan  kommunen etter søknad gje løyve til transport av bagasje og utstyr med snøskuter mellom bilveg og hytte som ligg minst 2,5 km frå brøyta bilveg. 



Søknaden handsamast administrativt. Vedtaket på søknaden kan klagast på seinast innan 3 veker etter at ein har fått beskjed om vedtaket.



Søknaden må innehalde:

  • Gards- og bruksnummer og adresse til hytta.
  • Lokalisering av hytta og gjerne skildring av ønska trasé (koordinat eller kart)
  • Informasjon om kven som eig hytta. Ved utleige må leigekontrakt leggjast fram.
Mangelfulle søknadar vil bli returnera.



Klikk her for søknadsskjema.



I tråd med kommunestyrevedtak 14.12.18 blir utskriving av løyve fakturert med kr. 150.





Snøskuter: Transportløyve- Løyve til å utføre leigekøyring som næring

I medhald av forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark (etc.) § 5, bokstav a, kan kommunen etter søknad gje løyve til innbyggjarar i Vinje kommune som vil ta på seg transportoppdrag med snøskuter som ei næringsinntekt. Transportøren kan ta på seg oppdrag knytt til:



  • Transport mellom bil og hytte.
  • Tilsyn med hytter på oppdrag frå eigaren.
  • Transport av massemedia.
  • Transport av funksjonshemma.
  • Transport av ved.
  • Andre transportar som har fått dispensasjon etter § 6 i Forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark (etc.).
  • Transport for beitelag (saltstein, gjerdemateriell, gjetarhytter m.m.)
Søknaden må innehalde:Organisasjonsnummer
  • Løyvehavaren må oppgje namn og telefonnummer. Desse opplysningane blir brukt til informasjon om transporttilbod, både av kommunen og andre aktørar, som turistinformasjon.
  • Kva område løyvehavaren vil vera tilgjengeleg i.
  • Dersom søkaren hadde mindre enn 12 turar førre sesong må han/ho grunngje kvifor han/ho søker om løyve om att.
Mangelfulle søknadar vil bli returnera.



Klikk her for søknadsskjema.



I tråd med kommunestyrevedtak 14.12.18 blir utskriving av løyve fakturert med kr. 150.

Snøskuter: Løyve til utmarksnæring

I medhald av forskrift for bruk av motorkjøretøy i utmark (etc.) § 5a kan verksemder søke om løyve til transport av materiell og utstyr for utmarksnæringa. Med utmarksnæring meiner ein: ei næring som er lokalisert i utmarka. Næring betyr at aktiviteten må vera knytt til eit føretak som gjev inntekt. Det kan mellom anna vera næringsverksemd som utleigehytter eller masseuttak.



Løyvet kan gjelde for all type ferdsel (også barmark). Turtransport, som snøskutersafari og frakt av gjester rundt i terrenget, kjem ikkje inn under løyvet. 



Søknaden må innehalde:



  • Ei kort skildring av verksemda og behovet for køyreløyve, tillegg til
  • Organisasjonsnummeret.
  • Dokumentasjon på at verksemda er har eit momspliktig overskot ved fornying av løyvet.
  • Kart over kva trasear det blir søkt over må leggjast ved. Dersom det er barmark må søkaren vise traktorvegklassa.
Søknaden handsamast administrativt. Vedtaket på søknaden kan klagast på seinast innan 3 veker etter at ein har fått beskjed om vedtaket.



Mangelfulle søknadar vil bli returnera.



Klikk her for søknadsskjema.



I tråd med kommunestyrevedtak 14.12.18 blir utskriving av løyve fakturert med kr. 150.





Snøskuter: Løyve til funksjonshemma

I medhald av forskrift for bruk av motorkjøretøy i utmark (etc.) § 5, bokstav b, kan kommunen gje løyve til snøskuterkøyring til rørslehemma, dersom behovet er reelt og rørslehemminga er varig. 





Søknaden handsamast administrativt. Vedtaket på søknaden kan klagast på seinast innan 3 veker etter at ein har fått beskjed om vedtaket.



Søknaden må innehalde:

  • Søkaren må i søknaden vise kva målet med køyringa er.
  • Søkaren må leggje fram dokumentasjon (skjema utfylt saman med legen) som stadfester funksjonshemminga, og er eit hinder for at turen kan gjennomførast på annan møte (til dømes til fots).
  • Søknaden må ha eit kart eller koordinat på avreisestad og målpunkt, som viser kvar snøskutertraseen skal gå
Mangelfulle søknadar vil bli returnera.



Klikk her for søknadsskjema.



I tråd med kommunestyrevedtak 14.12.18 blir utskriving av løyve fakturert med kr. 150.



Snøskuter: Løyve til gruppeturar

I medhald av forskrift for bruk av motorkjøretøy i utmark (etc.) § 5 bokstav f, kan kommunen gje løyve til snøskuterkøyring for bebuarar på helse- og omsorgsinstitusjonar, medlemmar av pensjonistforeiningar eller forflytningshemma. Søknaden handsamast administrativt. Vedtaket på søknaden kan klagast på seinast innan 3 veker etter at ein har fått beskjed om vedtaket.



Søknaden må innehalde ei skildring av dato, føremålet med turen, start- og endepunkt, køyrerute og kor mange snøskuterar som det blir søkt om løyve til. Vise kva organisasjon som arrangerar turen.



Mangelfulle søknadar vil bli returnera.



Klikk her for søknadsskjema.



I tråd med kommunestyrevedtak 14.12.18 blir utskriving av løyve fakturert med kr. 150.



Snøskuter: Løyve til transport av ved

I medhald av forskrift for bruk av motorkjøretøy i utmark (etc.) § 5, bokstav e, kan kommunen gje løyve til å transportere ved med snøskuter. Søknaden skal handsamast administrativt. Transport av ved mellom eigen skog og bustad er heimla direkte i forskrifta (§ 3, bokstav g), og treng ikkje løyve.



Søknaden handsamast administrativt. Vedtaket på søknaden kan klagast på seinast innan 3 veker etter at ein har fått beskjed om vedtaket.



Søknaden må innehalde:



Skildring av kvar hovudtraseen skal gå og kva område det skal hoggast ved i.



Mangelfulle søknadar vil bli returnera.



Klikk her for søknadsskjema.



I tråd med kommunestyrevedtak 14.12.18 blir utskriving av løyve fakturert med kr. 150.



Snøskuter: Løyve til utkøyring og tilsyn med jervbåsar

I medhald av forskrift for bruk av motorkjøretøy i utmark (etc.) §5b kan kommunen gje løyve til utkøyring og tilsyn av jervbåsar.



Søknaden handsamast administrativt. Vedtaket på søknaden kan klagast på seinast innan 3 veker etter at ein har fått beskjed om vedtaket.



Følgjande vilkår må vera til stades for å få løyve:

  • Jervbåsane må vera godkjend av fylkesmannen.
  • Løyvet må vise kva trasear som skal brukast og tal på turar.
  • Løyvehavar må føre logg, som dokumenterer at transporten er i samsvar med
  • løyvet og som skal kunne visast fram ved kontroll.
Mangelfulle søknadar vil bli returnera.



Klikk her for søknadsskjema.



I tråd med kommunestyrevedtak 14.12.18 blir utskriving av løyve fakturert med kr. 150.







Snøskuter: Dispensasjon

All anna bruk av snøskuter som ikkje er nemnt må søkje dispensasjon etter forskrift for bruk av motorkjøretøy i utmark (etc.) § 6



Søknaden må handsamast politisk av plan- og miljøutvalet. Vedtaket på søknaden kan klagast på seinast innan 3 veker etter at ein har fått beskjed om vedtaket.



Søknaden må innehalde:



  • Skildring av føremålet med transporten.
  • Kven som skal køyre.
  • Kvar (trasé eller område) det er bruk for transport, dersom det er mogleg å gje informasjon om.
  • Dato og tidspunkt som det er behov for transport dersom det er mogleg å gje informasjon om.
Mangelfulle søknadar vil bli returnera.



Klikk her for søknadsskjema.



I tråd med kommunestyrevedtak 14.12.18 blir utskriving av løyve fakturert med kr. 150.






  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk