Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Elgforvaltning

Forvaltninga av elg er eitt samarbeid mellom rettighetshaverane og kommunen. Elgjakt laga er organiserte i 17 jaktvald, av dette 1 bestandsplanområde. Vinje bestandsplanområde består av 7 storvald. Bestandsplanområdet utarbeider ein 3-årig bestandsplan, ny plan frå 2012.

Inndeling av vald:

Vald 1

Rauland storvald

(8 jaktfelt/lag)

Vald 2

Nedre Vinje storvald

(4 jaktfelt/lag)

Vald 3

Øyfjell storvald

(5 jaktfelt/lag)

Vald 4

Bøgrend – Ytre Vinje storvald

(9 jaktfelt/lag)

Vald 5

Bøgrend – Grungedal storvald

(7 jaktfelt/lag)

Vald 6

Øvre Vinje storvald

(20 jaktfelt/lag)

Vald 7

Tangen storvald

(3 jaktfelt/lag)

Vald 8

Hovden

Vald 9

Argehovd

Vald 10

Førnes

Vald 11

Skindalen

Vald 12

Liset

(2 jaktfelt/lag)

Vald 13

Mogen

Vald 14

Dyrdal

Vald 15

Laagefjeld

Vald 16

Vågen

Vald 17  Brattås/Kråkeroe

Elgbestanden i Vinje

Elgkvota for 2012 var på 237 dyr, og det blei felt 158 dyr. Dette er 9 dyr færre enn i 2011.

Kvote 2012   

237 dyr

Felt

158 dyr

Fellings prosent

67 %

Sett dyr pr jegerdagsverk er no på 0,37, det same som i 2010.  I 2011 låg den litt høgare. Elgbestanden i Vinje hadde ein topp i 1998 (sett elg/dagsverk 0,49), reduksjonsavskytinga starta da for fullt og bestanden blei redusert fram mot 2005 (sett elg/dagsverk 0,26).  Frå 2005 har bestanden auka sakte, og målet for bestanden i Vinje er å auke den opp mot sett 0,40 dyr/dagsverk i løpet av 2014.  Dyra fordelar seg framleis noko ujamt i kommunen, nokre stader opplever ein auke, andre melder om stabil bestand medan andre igjen har lite elg.

Sett ku/okse auka til 1,71, som er det høgste nivå nokon gong i kommunen.  Målet er å halde fordelinga under 1,5. Eitt år med verdi over dette er ikkje farleg, men det er viktig å halde auga med utviklinga.

Produktiviteten, målt i sett kalv pr ku og sett kalv pr kalvku (tvillingraten) er framleis på eitt meget bra nivå. 62 % av alle kyr hadde kalv, og av disse kom 11 % med tvillingar.  Dette er noko lågare enn året før, men trenden over fleire år er positiv. Målet for Vinje innan 2014 er 65 % og 20 %, så dette ser svært bra ut. 

Slaktevektene varierar frå år til år. For 2012 ligg kalvevektene på om lag 65 kg og ungdyrvektene på om lag 130 kg.  Det er fleire år sidan kalvevektene har vore så gode, ungdyrvektene held seg på det jamn, på eit godt nivå. Målet fram mot 2014 er kalvevekter opp mot 65 kg og ungdyrvekter opp mot 135 kg.

Faun Naturforvaltning skal også for 2012 aldersbestemme alle skotne dyr.  Telemark fylkeskommune vil utarbeide samlerapport for heile Telemark, samt rapport for den enkelte kommune.

Det blei i 2009 etablert eit eige Viltråd i Vinje kommune.  Viltrådet reviderte i 2012 den overordna forvaltningsplanen for hjorteviltforvaltninga i kommunen.  I den blei det sett opp klare mål for elgforvaltninga fram mot 2014.





  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk