Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Hjorteforvaltning

Det vart opna for hjortejakt i Vinje i 1991. Bakgrunnsareal for godkjenning av vald og tildeling av kvote er 15 000 daa.

Forvaltninga av hjort er eit samarbeid mellom rettighetshaverane og kommunen.

Hjortejakt laga er organiserte i 9 jaktvald. Eitt av valda har utarbeid eigen bestandsplan for forvaltninga, dei 8 andre valda får tildelt kvote etter § 15 om Målretta avskyting, i forskrift om Forvaltning av Hjortevilt og bever.

Vald

Område      

Jaktfelt

Vald 1

Rauland driftsplanområde
 
(10 jaktfelt/lag)
 
 Vald 2
Nedre Vinje driftsplanområde
 
(4 jaktfelt/lag)
 Vald 3
 Øyfjell driftsplanområde
 (5 jaktfelt/lag)
 Vald 4
 Bøgrend – Ytre Vinje driftsplanområde
 (11 jaktfelt/lag)
 Vald 5
 Bøgrend – Grungedal driftsplanområde
 (6 jaktfelt/lag)
 Vald 6
 Øvre Vinje driftsplanområde
 (20 jaktfelt/lag)
 Vald 7
 Tangen driftsplanområde
 (4 jaktfelt)
 Vald 8
 Skindalen
 (4 jaktfelt)
 Vald 9
 Liset
 

Hjortebestanden

Sett på bakgrunn av klima, elgbestand og skader på skog har det ikkje vore ønskeleg å bygge opp ei stor stamme av hjort. Det har derfor vore store kvotar sidan det vart innført jakt på hjort i kommunen. Jakttrykket har vore lågt og bestanden synest i dag å vere aukande i delar av kommunen. Under jakta i 2002 blei den fyrste hjorten skoten på Rauland.


  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk