Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Rådyrforvaltning

Forvaltninga av rådyr er i store trekk overført til grunneigarane sjølve.

I ein kommune som Vinje med store variasjonar i bestanden er det viktig at grunneigarane er med i forvaltninga. LVF-nemnda (no Grønt utval) opna i 2002 for kvotefri jakt på rådyr i alle driftsplanområda. For å oppnå dette må valda ha eit areal som er 10 ganger større enn minstearealet for godkjenning av vald.

Bakgrunnsarealet for godkjenning av vald og tildeling av kvote er 1 000 daa.

 Rådyrvald
   
 Vald 1
Rauland driftsplanområde 
(10 jaktfelt)
 Vald 2
Nedre Vinje driftsplanområde
(4 jaktfelt)
 Vald 3
Øyfjell driftsplanområde
(5 jaktfelt)
 Vald 4
Bøgrend-Ytre Vinje driftsplanområde
(11 jaktfelt)
 Vald 5
Bøgrend-Grungedal driftsplanområde
(6 jaktfelt)
 Vald 6
Øvre Vinje driftsplanområde
(20 jaktfelt)
 Vald 7
Tangen driftsplanområde
(4 jaktfelt)
 Vald 8
Hovden 
 
 Vald 9
Liset
 
 Vald 10
Skindalen/Hamaren
 
 Vald 11
Vågen
 


Rådyrbestanden

Bestanden av rådyr er på veg oppover, men det er vanskeleg å bygge opp ein stabil bestand i kommunen, da ein år om anna har strenge vintrar med mykje snø, og ein bestand med gaupe som er med på reguleringa.

Jakttrykket blir derfor lokalt tilpassa storleiken på bestanden, og med den avskyting ein har hatt dei seinare åra, er det ikkje nokon fare for overbeskattning.

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk