22. juli 2021 er det ti år sidan terroren på Utøya og i regjeringskvartalet.

I eit eige rom i den nye utstillinga på Vinjesenteret blir det vist videointervju med ti forfattarar og journalistar som alle har jobba med terroren som ramma demokratiet og Noreg.
Denne utstillinga er laga for å vise korleis det har vore å formidle terroråtaket.

Torsdag 22. juli held me ope denne delen av utstillinga for dei som vil sjå.
Klokka 15.00 vil det vera ein appell ved Bertin Bjåen frå Vinje Arbeidarparti, samt litt song frå Aasmund Nordstoga.

Alle er velkomne til Vinjesenteret mellom 10.00 og 17.00 torsdag 22. juli.