Småskuletrinnet

1. og 2. trinn går på skulen 4 dagar i veka med fri torsdagar.

3. og 4. trinn går på skulen 5 dagar i veka partalsveker og har fri torsdagane i oddetalsveker.

Mellomtrinnet

5.-7. trinn held til på storskulen, i same bygning som ungdomsskulen, vaksenopplæringa og administrasjonen. Elevane har fri torsdagar i oddetalsveke. 7. klasse er på skulen 6 oddetalstorsdagar, der dei har naturfag.
Elevane i 7. klasse er på leirskule i Kragerø kvart år veke 22.

Ungdomsskulen

8.-10. trinn held til på storskulen i same bygning som mellomtrinnet, vaksenopplæringa og administrasjonen. Elevane går på skulen kvar dag.
8. klasse reiser på vinterleirskule kvart år, og 10. klasse reiser på skuletur til Polen tidleg på hausten, der ein sjølvsagt del av dette er inkluderande skulemiljø

Vaksenopplæring

Vaksenopplæring omfattar å gje gratis undervisning i norsk og samfunnskunnskap til dei som i fylgje introduksjonslova har rett eller plikt til det. 
Elevar som ikkje har rett på gratis norskopplæring, får tilbod om undervisning mot betaling, dersom det er kapasitet. 

Vinje vaksenopplæring tilbyr og undervisning og støtte innan grunnskule, realkompetansevurdering og intensivkurs på kveldstid.

Me har også Statsborgarskapsprøva, Samfunnskunnskapsprøva og Norskprøva A1, A2, B1 og B2. 

Undervisningslokalet er på Åmot skule