I medhald av §§ 12-3 og 12-8 i Plan- og bygningslova, og etter oppdrag frå Vinje kommune, varslar vi at det skal setjast i gong arbeid med detaljregulering av Åmothaugen Vest. Frist for innspel 17.10.2016.
 

Føremålet med planarbeidet er vurdering av trafikal struktur, regulering av universelt utforma sti mellom Åmothaugen og Ormetjønnområdet og vurdering av heimelen til etablering av nye verksemder i planområdet innanfor rammene for god stadutvikling. Planavgrensing synast i vedlagde kart. 

Konkret vil ein sjå på korleis køyre- og parkeringsmønsteret kan utformast meir føremålstenleg for eigarane og brukarane. Auka tilgjenge, arealeffektivitet og trafikktryggleik er stikkord her. Samstundes skal Åmothaugen vest knytast betre til austre del av sentrumsområdet med gode gangsamband. Målet er å redusere trongen for køyring internt i sentrumsområdet. Ein vil plassere ein rullestolvenleg sti frå sentrum ned til Ormetjønn. Kommunen har tidlegare i år vurdert høvet til etablering av ei verksemd innan kjøtforedling- og utsal. Gjeldande planverk opnar ikkje for dette ut over dagens bygningsmasse. Planarbeidet skal vurdere høvet til utvida bygningsmasse og/eller alternative bruksområde for dagens busetnad. Denne vurderinga skal skje på eit generelt grunnlag for å ha ein grunngjeven heimel på plass når det blir aktuelt neste gong. 

Gjeldande reguleringsplanar i området er Åmot sentrum (19860003), Åmothaugen (20080011), Omsorgsbustader Åmothaugen (20100003) og Omsorgsbustader Åmothaugen II (20130003). Planarbeidet heimlast i overordna plan, som er kommunedelplanen for Åmot sentrum (19930001). Her er planområdet sett av til arealbruksområde «noverande forretning, offentlege bygningar, LNF-område og verdifult friluftsområde». Det vil vere mindre avvik mellom KDP og føremåla i reguleringsplanen.

Planleggjar har i samsvar med §4-2 PBL vurdert trongen for ei handsaming av planen etter forskrift om konsekvensutgreiingar for planar etter plan- og bygningslova frå 2014 og konkludert med at planarbeidet ikkje fell inn i det saklege verkeområdet til forskrifta. Vinje kommune har halde oppstartsmøte for planarbeidet. 

Planarbeidet startast omgåande og vil utførast som ein open prosess med høve til medverknad for alle berørte partar. Vinje kommune inviterer til eit ope informasjonsmøte den 4. oktober kl. 18-21 i festsalen på Vinjehuset i Åmot. Det vil her formidlast generell informasjon om planarbeidet og vere høve til å samarbeide om innspel til planarbeidet. 

 

KU - vurdering
Oversikt kommunedelplan
Oversikt reguleringsplan
Oversikt Åmothaugen Vest
Referat frå oppstartsmøte 25.08.16
Presentasjon Vinjehuset 4. oktober 2016Trafikkanalyse