Tilbod om UKM - kurs

I tida fram mot UKM 1. mars, vil kulturskulen i Vinje tilby ulike kurs som er opne for alle.

UKM-kurs: kunst

Kurset vil gå over fleire ettermiddagar i tida fram mot mars, der du vil få lage ting med mange ulike teknikkar.

Vil du vite kva du kan lære på kurset? Då må du koma på infokveld!

  • Når: sondag 2. februar, kl.16.00-17.30
  • Stad: Trevet ved biblioteket i Åmot
  • Kven: Du som er mellom 12 og 18 år

Ingen påmelding, berre kom! Det blir servert pizza!

UKM-kurs: bålmerkekurs

Kan du lage ditt eige bål med veden du finn i skogen?

Onsdag og torsdag i veke 9 kan du som gjeng i 4. - 6. klasse melde deg på bålmerkekurset!

  • Rauland
    Onsdag 26. februar, kl. 14.30-16.30.
    Møt opp på fotballbanen.
  • Åmot
    Torsdag 27. februar, kl. 14.30-16.30.
    Møt opp på parkeringa til Åmot skule.

Påmelding

Meld deg på ved å sende e-post til: rune.aarhus@vinje.kommune.no

eller på nettsida: https://ukm.no/vinje/ Lenke til et annet nettsted.

Påmeldingsfrist: fredag 14. februar

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?