Me innfører elektronisk byggjesøknad for føretak frå 1. juli 2025

Frå 1. juli 2025 vil ikkje Vinje kommune motta byggjesøknader frå føretak på pdf, papir eller e-post. Etter denne datoen blir analoge søknadar sendt i retur. Du finn oversikt over elektroniske løysingar du kan bruke på Direktoratet for byggkvalitet si nettside her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Private kan inntil vidare sende inn søknad på papir og e-post.

Slik søkjer du

Bruk Direktoratet for byggkvalitet sine digitale tenester for automatisk kontroll av byggjesøknad, før innsending til kommunen. Dette er ei erstatning for byggsøk som blei nytta tidlegare. Du kan lesa meir om dei nye løysingane på Direktoratet for byggkvalitet si nettside her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Skjema og byggjesaksblankettar for privatpersonar

For privatpersonar som ikkje ynskjer å søkje elektronisk, finn du søknadsskjema for manuell utfylling og innsending på Direktoratet for byggkvalitet si nettside. Last ned byggjesaksblankettar her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Vedlegg til søknad

Det skal leggast ved teikningar til søknaden, dvs. plan, snitt og fasadeteikningar, samt situasjonsplan (kartutsnitt) som syner arealbruken på tomta. Plan- og snittteikning skal vera målsett. Tiltaket skal teiknast inn i situasjonsplanen.

Gå til kommunekart for å skrive ut situasjonskart, kart for Vinje finn du her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

For større byggjetiltak og nybygg kan søknader ikkje sendast av tiltakshavar sjølv. Søknader må sendast inn av føretak som kan godkjennast som ansvarleg søkar. Ansvarleg søkar skal syte for at søknaden er komplett.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?