Varsel om oppstart av rullering: Forskrift for løypenett for fritidskøyring med snøskuter

I tråd med vedtak i plan og miljøutvalet 22.01.2025 varslar Vinje kommune oppstart av arbeid med rullering av Forskrift for løypenett for fritidskøyring med snøskuter.

Innspel til endringar går mellom anna ut på

  • Enklare tilkomst til løypenettet. I dag må alle som bur langs traseen i teorien ta skuteren på hengar og transportere den til ein stad dei kan koma inn i løypenettet med skuteren. Det er ynskjeleg å sjå om det er høve til å opne opp for at fleire kan ta seg til løypenettet utan å nytte bil
  • Nye trasear som bør bli vurdert.
  • Ynskje om eit «friområde» for skuterkøyring.
  • Sjå på høve til å nytte mellom anna kommunale bilvegar i kortare strekk med skuter.
  • Løypene skal binde saman grendene, og det skal ikkje etablerast nye skuterløyper over tregrensa.

Frist for innspel

Det er høve til å koma med innspel til endringar og nye trasear. Har du innspel til arbeidet kan du sende dei til postmottak@vinje.kommune.no eller per post til Vinje kommune, Vinjevegen 192, 3890 Vinje.

Frist for å sende inn innspel er 01.04.2025.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?