Utstyrsbanken har opna skiavdeling på Rauland

No har me opna utstyrsbank på Rauland, der du kan låne smørjefrie langrennsski, sko og stavar.

Utstyrsbanken held til på biblioteket på skulen, som er ope kvar onsdag frå kl 15.00-19.00. Det er også ope i vinterferien.

Du kan låne utstyr i ei veke.

Me vil rette ein stor takk til Sparebankstiftelsen DNB for tilskot, Folkeakademiet på Rauland for godt samarbeid og Rauland Fjellsport for gode tilbod.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?