Markering av angrepet på Ukraina - helsing frå ordføraren
Korleis er utsikta til fakta?
I dag er det tre år sidan Russland gjekk til fullt angrep på Ukraina. Det har vore ei vanskeleg tid med krig. Det er ei vanskeleg tid med krig. Det er ei rar tid. Ei tid der USA sin president kjem med russisk propaganda. Ei tid der USA fjernar seg få Europa. Det er ei rar tid, men dette er vår tid. Som Lars Winnerbäck syng; alt det vi trudde på blei ikkje borte. Jorda blei ikkje flat. Løgnene blei ikkje sanne.
Det er mange på flukt, og vi i Vinje kan ikkje berre sitte å tenke på våre eigne problem. Innbyggjarane i Vinje er vener av det Ukrainske folk. Ukraina forsvarar seg mot ein aggressiv bjørn som har blitt ven med ein frekk og løgnefull ørn. Europeiske land fyllast med flyktningar. Europeiske leiarar gjev klår støtte til Ukraina. Ære til Ukraina.
Det er ei uføreseieleg tid. Det er vår tid. Vinje stør opp om dei sanne verdiane. La vitna i blått og gult vitne. Slava Ukraini!
Jon Rikard Kleven
Ordførar
Sist oppdatert