Kunngjering - Vedtak i namnesak knytt til sentrum, tettstad og bygd i Rauland
Vinje kommune har hatt namnesak knytt til namn på sentrum, tettstad og bygd i Rauland. Namnesaka blei oppretta etter at Historielaget i Rauland sendte eit brev til Vinje kommune 06.11.2023, vedkomande namn i sentrum i Rauland. Saka blei handsama i kommunestyret 25.02.2025 i sak 12/25.
Vinje kommunestyre sitt vedtak blei fylgjande:
Jf. stadnamnlova § 7 vedtek kommunestyret desse namna: Rauland som namn på bygd og Krysset som namn på tettstad.
Saksframlegg med vedtak kan du lese her
Pdf, 2 MB, åpnes i nytt vindu.
Informasjon om klagerett
Dei som har klagerett etter § 12 i lov om stadnamn (offentlege organ, eigaren eller festaren i saker som gjeld namn på eige gardsbruk eller eigedom, ein lokal organisasjon med særleg tilknyting til eit stadnamn, og stadnamntenesta) kan klage på vedtaket. Klagefristen er tre veker frå meldinga om vedtaket er offentleg kunngjort.
Ei eventuell klage skal sender du til Vinje kommune på e-post til postmottak@vinje.kommune.no eller brev til Vinje kommune, Vinjevegen 192, 3890 Vinje innan 21.03.2025.
Klaga skal grunngjevast, og grunngjevinga må omtale alle namn eller namneledd klaga gjeld. Dersom Vinje kommune ikkje tek klaga til fylgje, blir klaga sendt til klagenemnda for stadnamnsaker.
Sist oppdatert