Skuleinnskriving og søknadsfrist SFO for 2025/2026
Skulefritidsordninga (SFO) – 2025/2026
Tilbodet gjeld for 1. til 4. klasse.
Dei som allereie har plass treng ikkje søkje på nytt, men beheld plassen fram til ei eventuell endring eller oppseiing. Me tek atterhald om endringar i tilbodet, og at ikkje alle ynskja kan bli imøtekomne.
Elektronisk søknadsskjema finn de her. Lenke til et annet nettsted.
Søknadsfrist: 1. mai 2025
Skuleinnskriving
Alle barn som skal starte i 1. klasse i Vinje kommune hausten 2025, blir med dette invitert til å møte på den skulen de soknar til, for skuleinnskriving torsdag 10. april. Klokkeslett for innskrivinga får de i brev frå skulen.
Velkomne som elevar i Vinjeskulen 🌼
Sist oppdatert