80-årsmarkering på Syrbekk for major Leif Tronstad og sersjant Gunnar Syverstad
Tysdag 11. mars 2025 var det 80 år sidan tragedien på Syrbekk på Rauland. 11. mars 1945 fall professor og major Leif Tronstad og sersjant Gunnar Syverstad for Norge, medan dei avhøyrde lensmannen på Rauland.
Major Leif Tronstad var ein høgt akta offiser. Han var den som stod for dei fleste planane for oppdraga, som Kompani Linges soldatar utførte under krigen. I oktober 1944 fekk han lov til å reise tilbake til Norge for å leie operasjon Sunshine. Med operasjon Sunshine skulle dei sikre at kraftverka og industrien i Øvre Telemark, Kongsberg og Numedal ikkje blei offer for den brente jords taktikk, slik som skjedde i Nord-Noreg. Samstundes skulle dei vidareføre og utvikle Milorg i same område.
Sersjant Gunnar Syverstad var idrettsmannen og laboranten som arbeidde på Vemork, og gav informasjon ut til motstansbevegelsen. Etter sprenginga av ferja Hydro, i februar 1944, blei det for farleg for han å opphalde seg på Rjukan og han måtte flykte. Fyrst til Sverige og så til Storbritannia, der han raskt kom inn i Kompani Linge. Han var Tronstad si høgre hand og ein svært dyktig og godt likt instruktør i Milorg i Vest-Telemark.
Markeringa av tapet av desse to motstandskarane blei skipa til ved minnesteinen på Syrbekk på Rauland. Med på markeringa var medlemmar av familien til dei to falne, fylkesordførar Sven Tore Løkslid, ordførar i Vinje kommune Jon Rikard Kleven, offiserar frå Heimevernet og Forsvaret, britiske soldatar frå Royal Air Force, vaktsoldatar frå Forsvaret, skuleelevar frå Rauland og Åmot skule, veteranar frå NROF og mange bygdefolk.
Denne markeringa fortel noko om kva som må til for at me skal kunne leve vidare i eit fritt demokrati med fred og fridom.
Arrangørar av markeringa var Forsvarsmuseet i Vinje, Heimevernet, NROF og Vinje kommune
Sist oppdatert