Prøveordning med utvida opningstid i styrketreningsromma😊
I Vinje har me tre kommunale styrketreningsrom, som ligg i Åmot, Edland og Rauland. Styrketreningsromma skal vera lågterskeltilbod, som skal bidra til god folkehelse.
Frå måndag 17. mars vil det vera ope i styrketreningsromma kvar dag frå kl. 06.00 – 22.00.
Maks tal på personar i treningsrommet er endra, slik at fleire kan trene samstundes.
Du må framleis reservere tid på Vinjenett før trening. Her kan du også inn å sjå kor mange andre som har reservert tid. Det kan vera lurt om du til dømes ynskjer å ha god plass når du trenar, eller om de er fleire som ynskjer å trene saman.
Det er viktig at du set deg inn i reglane for bruk av rommet, slik at alle får ei god oppleving når dei trenar. Brot på reglane kan føre til at du mistar nykelkortet.
👉 Reglar for bruk av styrketreningsrommet finn du her Pdf, 89 kB, åpnes i nytt vindu.
👉 Kjøp av kort og reservasjon av treningstid gjer du på vinjenett.no
Link til sida finn du her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Prøveperioden med utvida opningstid vil vera fram til 1. juli.
Me håpar tilbodet blir tatt vel i mot, og at me kan fortsette med ordninga framover 😊
Sist oppdatert