Vinje sjukeheim - aktuell informasjon

Vinje sjukeheim har den siste tida fått mykje kritikk. Dette tek me i Vinje kommune på alvor.

Dei tema som er omhandla i media er knytt til dei tilsette sine arbeidshøve, og ikkje kvaliteten på tenestene til bebuarane.

På sjukeheimen arbeider det mange flotte og kompetente medarbeidar som har fokus på å gje gode og trygge tenester av høg kvalitet, både menneskeleg og fagleg, kvar einaste dag. Det er ikkje grunn til å vere uroa over kvaliteten i tenesta til dei som er pasientar på sjukeheimen.

Det ansvaret sjukeheimen har, er å gje omsorg til personar som er avhengige av hjelp frå det offentlege, fordi dei av ulike grunnar ikkje kan ivareta sin eigenomsorg. Hendingar kan oppstå når pasientar ikkje forstår sine omgjevnader, blir engstelege eller provoserte. Dette set krav til dei tilsette i møte med pasienten, og kan vere utfordrande, ikkje minst over tid.

Slik jobbar me vidare

Me har fått ein førebels rapport frå Arbeidstilsynet, som peikar på forbetringsområde og mogelege pålegg. Om me har tilleggsinformasjon eller merknader til rapporten, har kommunen frist til 2. april med å koma med dette. Den endelege rapporten gjev føringar for det vidare arbeidet.

Kvalitetsforbetring er ein kontinuerleg prosess. Det er eit leiaransvar. Leiinga ved sjukeheimen, saman med tilsette og støttefunksjonar, arbeider no målretta med dei aktuelle tema – uavhengig av tidsplanen for når den endelege rapporten ligg føre.

Vinje kommune skal oppfylle viktige samfunnsoppdrag. Tenestemottakarar og pårørande skal vere trygge på at alle som bur på sjukeheimen får god omsorg og trygge tenester av høg kvalitet. Dette har tilsette som mål å oppfylle kvar time gjennom heile døgnet.

Sjukeheimen skal også i framtida vere ein god og attraktiv arbeidsplass for dei tilsette. Det tek leiinga, saman med tilsette og deira representantar ansvar for å skape.

Har du som pårørande spørsmål?

Har du som pårørande spørsmål kan du ta kontakt med verksemdsleiar Baiba Sheine, på telefon 95 30 56 41.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?