Lurar du på kva for jobbmoglegheiter eller utdanningstilbod som passar for deg?

Karrieresenter Telemark tilbyr gratis karriererettleiing for alle innbyggjarar i Telemark over 19 år.

Dette er eit fylkeskommunalt tilbod for deg som lurar på noko knytt til val av utdanning eller arbeid. Det kan gjelde val av studie, ynskje om ny jobb eller behov for å forstå eigen kompetanse i samband med jobbsøking.

Kanskje funderer du på om du skal ta etter- eller vidareutdanning? Eller kanskje har du arbeidd mange år i same jobb, men enno ikkje fått formell kompetanse?

Kanskje må du av ein eller annan grunn finne nye karrierevegar og undrar på korleis du skal kome deg vidare?

Karrieresenteret har fysisk kontor i Seljord og Skien. På nettsida kan du bestille time med fysisk oppmøte på eitt av kontora, eller digitalt på video eller telefon.

På nettsida kan du også lese meir om kva du kan få ut av karriererettleiing, finne ut meir om å søkje jobb, førebu deg på ei jobbsamtale eller setje saman ein god CV.

Les meir på nettsida til Telemark fylkeskommune her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?