Nasjonalt register over luftfartshinder

Nasjonalt register over luftfartshindre (NRL) er eit digitalt register over menneskeskapte objekt, som er vurdert til å utgjere ein risiko for luftfarta, spesielt ved lågtflyging. Registeret blir forvalta av Kartverket og er heimla i luftfartshinderforskrifta, som er forvalta av Luftfartstilsynet. Forskrifta pålegg den som eig eit luftfartshinder å rapportere til NRL.

Kva er eit luftfarthinder?

Midlertidig eller permanente menneskeskapte objekt, med ei høgde over 15 meter i spreiddbygde område og 30 meter i tettbygde strøk, er å rekne som eit luftfartshinder.

Er du eigar av eit luftsfartshinder?

Saman med straumførande luftspenn, uansett høgde, skal dette no rapporterast inn til Nasjonalt register over luftfartshinder. Dette må du gjera innan 1. juli 2025.

Les meir informasjon frå Kartverket her Lenke til et annet nettsted.

Forskrift om rapportering, registering og merking av luftfarhinder

§ 24 (6) Luftfartshinder oppført før 1. januar 2023 omfattet av § 2 første ledd bokstav b, som ikke inngår i transmisjons- og regionalnettet, skal sammen med tilhørende egne endemaster innrapporteres i perioden 1. januar 2023 til 1. juli 2025.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?