Ombygging på Norheimstunet

Norheimstunet omsorgssenter på Edland skal bli bygd om, og bygd på.

Bygginga skal etter planen starte opp til sommaren. Det skal byggast 6 nye bustadar, og lokale for helsestasjon, fysioterapi og lege. Ferdigstilling er planlagd sommar/haust 2026.

I samband med byggeprosjektet vil delar av eksisterande bygg, samt ein frittståande bustad bli rive.

Sjå teikning for 1. etasje her. Pdf, 595 kB, åpnes i nytt vindu.

Sjå teikning av fasade her Pdf, 2 MB, åpnes i nytt vindu.

Endring av tilbod i byggeperioden

Grunna utbygginga på Norheimstunet omsorgssenter, vil det ikkje bli tilbod om å kaupe seg middag på Eldresenteret, tysdag og fredag, frå 01.05.25 og fram til byggeperioden er over.

Det vil heller ikkje vera mogleg å leige lokalet til selskap,eller for lag og foreningar.

Bilde av Norheimstunet

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?