Informasjon om tarmscreeningsprogrammet

Visste du at tarmkreft er den nest vanlegaste kreftforma i Noreg for begge kjønn? Kvart år blir rundt 4500 personar ramma, og Noreg ligg i verdstoppen i førekomst av tarmkreft.

Situasjonen i Vinje

Heilt frå 2008 og fram til 2022 har Vinje kommune hatt fleire tilfelle av tykk- og endetarmskreft enn fylket og nasjonalt. Skilnaden er stadig aukande. Kommuneoverlegen har vore i kontakt med forskar i Kreftregisteret, som synest det er vanskeleg å gje nokon konkrete svar på kvifor Vinje ligg så høgt samanlikna med tal på fylket og nasjonalt.

Grafisk modell av tykk- og endetarmskreft

Tykk- og endetarmskreft, pr. 100 000

Menn og kvinner som fyller 55 år i heile landet blir inviterte til å ta ei enkel prøve som kan avsløre tidlege teikn på tarmkreft. Jo tidlegare me oppdagar kreft, desto større er sjansen for å overleve.

Kommuneoverlegen tilrår at alle i målgruppa i Vinje deltek i tarmscreeningprogrammet.

Slik fungerer tarmscreeningprogrammet

🔹 Du får tilsendt ein invitasjon med prøvesett rundt 55-årsdagen din.
🔹 Heime tek du ei enkel avføringsprøve og sender han inn til analyse.
🔹 Viss prøva viser spor av blod, blir du vist vidare til koloskopi på sjukehuset. Då blir innsida av tarmen undersøkt med ein bøyeleg slange. Blod i avføringa betyr ikkje nødvendigvis at du har tarmkreft.
🔹 Viss det ikkje blir påvist blod i prøva, får du ny invitasjon til screening annakvart år fram til du fyller 65 år.

Tarmscreening er eit offentleg helsetilbod, og det er frivillig å delta. Du kan ikkje melde deg på programmet sjølv – du får invitasjon det året du fyller 55 år.

❗ Symptom på tarmkreft kjem ofte seint og kan likne på vanlege, ufarlege plager. Sjukdomen kan derfor vera vanskeleg å oppdage. Med screening kan me oppdage tarmkreft før du får symptom, noko som gjer behandlinga meir skånsam og aukar overlevinga.

Folkehelseinstituttet (FHI) har ansvar for dei nasjonale screeningprogramma. Kreftscreening er ei systematisk undersøking av friske personar for å oppdage risikofaktorar, forstadium eller kreft tidleg – før symptom oppstår. Dette aukar sjansen for effektiv behandling og betrar overlevinga. I Noreg blir det tilbydd screening for bryst-, livmorhals- og tarmkreft.

Les meir om tarmscreening her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?