Ny antenne på plass i Bøgrend

Den 20. mars er ein merkedag for Bøgrend 😃

Då blei den nye antenna til Telenor sett i drift. Dei som tidlegare har hatt dårleg eller inga dekning, skal no få full dekning av 4G og 5G signal!

Likeeins er det slutt på at dei vegfarande langs E134 har elendige eller bortfall av signal når dei køyrer gjennom Bøgrend.

Vinje kommune har vore ein pådrivar for å få på plass ny antenne, men det har teke lang tid. Me er særs nøgde med at dette no endeleg er på plass!

Skjermbilde frå Telenor

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?