Vinje kommune sin kulturpris for 2024 gjeng til Ann Mari Jore
Etter framlegg frå Oppvekst- og velferdsutvalet i Vinje, blei det gjort vedtak om å gje kulturprisen for 2024 til Ann Mari Jore.
Ann Mari Jore er ein dyktig tradisjonshandverkar som har sett Vinje og Telemark på kartet, med både kunnskap, kurs, lagsverksemd og handverksprodukt.
Ann Mari var med på å starte Rauland Husflidslag, som ho i dag er leiar av. Ann Mari har arbeidd aktivt over mange år for å få til samarbeid med andre lag og organisasjonar. Det er i dag mellom anna gode samarbeid mellom aktivitetssenteret på Dyre Vaa-bygget, Vinje kulturskule, USN og andre som gjer at kunsthandverksaktivitetane i Vinje når ut til eit stort aldersspenn, og sørgjer for at lokale handverkstradisjonar er levande og aktuelle. Ann Mari står også bak mange av kursa på Raulandsakademiet, som har vore viktige for ivaretaking og formidling av tradisjonar innan handverk, tradisjonskunst, smiing, tekstil, trearbeid, mattradisjonar og folkemusikk.
Som kunsthandverkar har Ann Mari markert seg med både dugleik og arbeidskapasitet. Ho produserer handkle, skjerf, pledd og mykje anna. Ho stod bak design og produksjon av Telemarksgenseren som vart lansert under OL i 1994.
Ann Mari er blid og imøtekommande, tek ansvar, er ein tydeleg leiar og får ting gjort. Ho er også veldig engasjert i det ho driv med, og motiverer dei rundt seg.
Me gratulerer Ann Mari så mykje med kulturprisen 💐
Sist oppdatert