Heim for ein 50-lapp – nye retningsliner

Oppvekst og velferdsutvalet i Vinje kommune vedtok 01.04.25 fylgjande endringar på transportordninga Heim for ein 50-lapp:

Heim for ein 50-lapp gjeld ungdom og unge vaksne i alderen 16-25 år.

Bakgrunnen for endringa er den store auken i bruken av ordninga hausten 2024 og våren 2025, som medfører at budsjettet på kr 650 000 ikkje er nok.

Presisering av føremåla til ordninga. Heim for ein 50-lapp skal

  • verke førebyggjande mot ruskøyring
  • bidra til at ungdom kjem seg heim frå aktivitetar og arrangement til ein rimeleg pris

Transportordninga skal ikkje bli brukt til

  • køyring til eller frå adresser utanfor kommunen
  • til eller frå jobb

Ved feil bruk av ordninga

  • kan Vinje kommune gje deg eit gebyr for brot på retningsliner
  • kan du bli utestengt frå ordninga ved gjentakande brot på retningsliner eller andre avvik
  • kan tilbodet bli stengt på enkelte dagar og stadar

Retningsliner

Her er link til retningslinene Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Evaluering

Endringane som er sett inn frå 01.04.25 skal evaluerast og bli handsama av OVU (Oppvekst og velferdsutvalet) hausten 2025.
Før saka kjem til politisk handsaming skal den drøftast i ungdomsrådet.

 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?