Korleis er det å vera pårørande i Vinje?

Vinje kommune ynskjer å få vite meir om korleis det er å vera pårørande til brukarar og pasientar som mottek tenester frå Helse og meistring.

Våren 2025 har me valt å gjennomføre to undersøkingar, der den eine er retta mot heimebaserte tenester, og den andre er retta mot omsorgssenter og bufellesskap. Undersøkinga er open i perioden frå 15. april til 1. juni. Tilsvarande undersøking vil bli gjennomført ved sjukeheimen seinare.

Målet er å styrkje samarbeidet med deg som pårørande, og me er takknemlege for alle svar! Det er heilt frivillig å svare, og svara dine vil vera anonyme.

Kven kan svare på undersøkinga?

Pårørande til brukarar og pasientar som mottek heimebaserte tenester, eller bur på omsorgssenter og bufellesskap.

Slik svarar du

Du kan svare på undersøkinga ved å klikke på linken til undersøkinga nedst på denne sida, eller du kan svare på undersøkinga på papir. Du finn skjema på papir på Svingen, Reini, Bruli, Rauland omsorgssenter og Norheimstunet.

For heimebaserte tenester vil heimesjukepleia ta med skjema heim til alle brukarar. På informasjonsskjema som fylgjer spørjeundersøkinga finn du informasjon om kvar du skal levere eller sende utfylt skjema.

Her finn du undersøking for heimebaserte tenester Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Her finn du undersøking for omsorgssenter og bufellesskap Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?