Hjelp oss med å forbetre styrketreningsroma i Vinje!
I Vinje har me tre kommunale styrketreningsrom. Desse skal vera lågterskeltilbod, som skal bidra til god folkehelse.
For å gjera tilbodet så godt som mogeleg, ynskjer me å vite meir om kva for ynskje og behov brukarane av styrketreningsroma har. Me har difor laga ei kort spørjeundersøking, som me håpar du vil svare på.
- Du kan svare på undersøkinga til og med 16. mai 2025.
- Undersøkinga er anonym.
Slik svarar du på undersøkinga
Klikk her for å svare på undersøkinga Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Du kan også scanne QR-koden på bilde under for å koma til undersøkinga.
Me set pris på di tilbakemelding!

Sist oppdatert