Vinje kommune inviterer bedrifter til samarbeid om utleige av bustader

Grunna endring i kommunens bustadbehov, opnar me opp for samarbeid med bedrifter som ynskjer å leige ut bustader gjennom tilvisingsretten. Me lyser derfor ut konkurranse om tilvisingsavtale med visse kriteria. Kriteria finn du nedst på denne sida.

Vinje kommune søkjer utleigebustader i Haukeli, Rauland og Åmot for tilvisingsavtale med kommunen og finansiering gjennom Husbanken. Vinje kommune ynskjer å inngå tilvisingsavtale med firma som har som formål å eige, forvalte og leige ut bustadar.

Ei tilvisingsavtale er ei avtale mellom private bedrifter og kommunen. Utleigebedriftene stiller sine bustader til disposisjon for leigetakarar som vanlegvis ville leigd kommunale bustader. Fordelen for utleigarar er at dei kan få gunstig finansiering for sine bustadprosjekt og ein større kundemarknad. Fordelen for kommunen er at me får dekt det varierande bustadbehovet utan å eige bygga sjølv. Dette gir ein større fleksibilitet i åra framover.

Kommunen ynskjer å inngå avtaler om 10 bueiningar i Haukeli, 16 i Rauland og 15 i Åmot, med oppstart og realisering i perioden 2025-2027. Detaljert framdriftsplan for treårsperioden blir avtalt gjennom tilvisingsavtale og samarbeidsavtale.

Ein kan inngå fleire tilvisingsavtaler per stad, men minste grunnlag for avtale er sett til 5 bueiningar.

Ved val av samarbeidspartnar(ar) vil me vektlegge tidspunkt for ferdigstilling, husleigenivå, kvalitet og bustadstandard, plan for forvaltning av bebuarar og bumiljø og skildring av utleigeselskapet.

Avtalene vil ha ein varigheit på 30 år og det krevst at bustadane er eigd av utleigar i heile avtaleperioden.

Dette må de levere i tilbodet

  • Skildring av utleieselskapet
  • Firmaattest
  • Skatteattest
  • Fullverdig bustadprosjekt med framdriftsplan. Bustadprospektet skal syne lokalisering, plan-, snitt-, og fasadeteikningar, skildring av innhald og overflater i bueiningane, utrekna leigesum, fellesutgifter og estimert energiforbruk pr m²/år.

All innsendt dokumentasjon frå tilbydarar vil bli behandla konfidensielt fram til eventuell avtale er inngått.

Det er ikkje krav om å fylgje lov om offentlege anskaffingar for etablering av tilvisingsavtale. Kvart enkelt tilbod blir behandla unntatt offentlegheit jf. forvaltningslovas §13, første ledd nr. 2. Ytterlegare forklaring om fritak frå lov om offentlege anskaffingar finnast på Husbankens side om tilvisningsavtaler. Lenke til et annet nettsted.

Slik sender de inn tilbod

Send tilbodet til:

Vinje kommune
Postmottak
Vinjevegen 192
3890 Vinje

Merk tilbodet 2025/1295

Fristar

Tilbodsfrist:
Frist for å levere tilbod er 30. mai 2025.

Vedståingsfrist:
1. september 2025.

Tilbydar må disponere tomt/eigedom med ei geografisk plassering på maksimalt 1 km frå kommunens heimetenestebase i anten Haukeli, Rauland eller Åmot, nærare bestemt Norheimstunet, Rauland omsorgssenter og Vinje helsesenter.

Tilbydar må eige/bygge og forvalte bustader som kommunen treng, gjerne ein kombinasjon av 2-, 3- og 4-roms bueiningar med P-rom frå 5090 m².

Tilbodet må tilføre kommunen ny bygningsmasse for bustadutleige.

Det blir stilt krav til at bustadane blir realisert og er innflyttingsklare seinast innan 30.06.2028.

Husbankens fylgjande krav til utleigar må stettast:

  • Utleigar/låntakar har som formål å eige, forvalte og leige ut bustader til vanskelegstilte etter avtale med kommunen samt anna verksemd beslekta med dette
  • Utleigar inngår ein samarbeidsavtale med kommunen som blant anna regulerer det løpande samarbeidet og forvaltninga av bustadane
  • Utleigeforholdet blir basert på balanserte husleigekontraktar etter husleielovens bestemmelsar
  • Utleigar aksepterer NAV-garanti eller tilsvarande kommunal garanti som sikkerheit.
  • Leigetakarar som ikkje tilvisast av kommunen får tilbod om minimum fem års leigekontraktar.
  • Husbankens krav ved lån til bustadkvalitet og bygging av livsløpsbustader må bli innfridd.

Firmaattest: Tilbydar skal legge ved firmaattest.

Attest for betalt skatt og meirverdiavgift: Tilbydar skal legge ved attest for betalt skatt/mva.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?