Ynskjer du kontakt med ein av våre økonomi- og gjeldsrådgjevarar?

I mai og juni vil me opne for at du kan ta direkte kontakt med med ein av økonomirådgjevarane i kommunen på ettermiddag og kveldstid.

Samtala kan gjerast anonymt. Me ber ikkje om namn, og mobiltelefonen din har innstillingar som kan gjere at den ikkje syner nummeret du ringer i frå.

Fyrste opne dag er torsdag 22. mai frå klokka 17 til 19. Dei to neste dagane du kan ringe er 12. og 19. juni same tid.

Ramma for samtala er alle moglege økonomiske utfordringar. Mange slit økonomisk no. Ei samtale kan hjelpe med å sortere tankar og sjå moglegheiter der ein trur dei ikkje finst.

Me arbeider dagleg med å gje råd og praktisk hjelp rundt gjeldsproblem i det heile, inkassokrav, trekk i løn, tvangssal, søknadar om gjeldsordning, budsjett og endringsarbeid.

Ring oss, så snakkar me saman og finn ein veg å gå!

Illustrasjonsbilde Colourbox

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?