Søknad om SMIL-tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket
Minner om fristen for søke om tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket som er 1. juni
Formålet med tilskotsordninga
Ivareta natur- og kulturminneverdiar i jordbrukets kulturlandskap og redusere forureining frå jordbruket, utover det som kan forventast gjennom vanleg jordbruksdrift.
Kven kan søke
Du som eig eller leiger ein landbrukseigedom der det går føre seg jordbruksproduksjon med tilskotsrett. Om du leiger, må du ha godkjenning frå eigaren. Privatpersonar og føretak kan søkje om tilskot.
I Vinje har me denne prioriteringa
- Tiltak som tar vare på gamal kulturmark, og legg til rette for oppleving i kultur¬landskapet – typisk rydding og inngjerding av attgrodd innmark for beitedyr.
- Tiltak som tar vare på verneverdige kulturminne knytt til jordbrukslandskapet – freda bygningar er ikkje lenger godkjent for tilskot.
- Turstiar i jordbrukslandskapet – etablering.
- Miljøtiltak: Tiltak som reduserer forureining frå jordbruket til jord, luft og vatn – overbygg eksisterande gjødsellager
Normal tilskotssats i Vinje ligg på 20-50 % av kostnadsoverslaget avhengig av kor mange saker me får.
Kontaktinformasjon ved spørsmål
Dersom du har spørsmål eller eit prosjekt du vil søke tilskot til, kan du ta kontakt med Jordbruksrådgjevar Thor Christiansen på telefon 95 81 91 80 eller send spørsmålet på e-post til thor.christiansen@vinje.kommune.no
Smil tilskotet kan og kombinerast med tilskotsordningane til verneverdige bygningar
- Tilskot til verneverdige kulturminner hos fylkeskommunen. Link til Telemark fylkeskommune sine tilskot finn du her
Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Tilskot til kulturminner. Link til kulturminnefondet finn du her
Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Rådgjeving til å ivareta og restaurere verneverdige eldre bygg
Vest-Telemark museum ved bygningsvernrådgjevar Trond Arild Pedersen tilbyr:
- enkel synfaring med rådgjeving. Praktiske gjeremål og tekniske løysingar
- synfaring med utarbeiding av tilstandsvurdering og fotodokumentasjon, og råd til søknad om økonomisk stønad
- alt innan rammene av eit gratis dagsverk.
Kontaktinformasjon: telefon 46 88 61 38 eller e-post til tap@vtm.no.
Sist oppdatert