Vellukka pårørandesamling

Tysdag 29. april var det pårørandesamling på Raulandsakademiet.

Her blei det lokale pårørandeprosjekt "Heilskapleg pårørandestøtte Vinje kommune" presentert. I tillegg fekk pårørande informasjon om sine rettar, og dei fekk verktøy og råd om kva som kan hjelpe pårørande med tyngande omsorgsoppgåver slik at dei kan meistre kvardagen.

Gry Anette Øvstegård frå Pårørandesenteret og alle dei frammøtte bidrog til at det blei ein fin kveld. Tilsette med koordinatorroller deltok saman med ei fin gruppe pårørande, og det blei mykje god prat og drøfting.

Les meir om pårørendesenteret her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Bilde frå pårørandesamling

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?