Stor skogbrannfare!

Det er no stor skogbrannfare og Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har sendt ut denne pressemeldinga:

Auka farenivå på indeksane, kombinert med høgare temperaturer, er med på å auke risikoen for skogbrann. Me må forvente at situasjonen vil vedvare fram til det kjem nedbør av noko betydning.

-No er det viktig at me viser hensyn, spesielt når me ferdas ute i naturen. Det er forbod mot open ild ute i skog og utmark, det vil sei at det er forbudt å tenne opp grill i eller i nærleiken av skog og utmark. Så om du planlegg å fyre opp grillen i helga, gjer det i kontrollerte former, seier Jan Ruud som er fylkesberedskapssjef i Vestfold og Telemark.

Er du usikker på om du kan tenne opp ild, la heller vere eller kontakt brannvesenet. Meir informasjon om korleis og kvar du kan grille, finn du her Lenke til et annet nettsted.

Generelt bålforbod

Mellom 15. april til 15. september er det i heile landet forbod mot å gjere opp ild i eller i nærleiken av skog eller anna utmark, utan tillatelse frå kommunen.

Ved all ferdsel og opphald i eller i nærleiken av skog og utmark er det no heilt nødvendig å unngå bruk av ild og vere merksam ved anna aktivitet som kan forårsake gnistar.

Statsforvalteren oppmodar alle som utøver arbeid i eller i nærleiken av skog og utmark, anten det er skog-, jordbruksverksemd eller anna næring, å utvise stor forsiktighet for all verksemd som utgjer ein risiko for skogbrann.

Kart over skogbrannfare

Meteorologisk institutt har 2 interaktive kart som er opne for alle, og som ofte blir referert til angående skogbrannfare i Norge:

Illustrasjonsbilde: Colour box

Illustrasjonsbilde: Colour box

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?