Innbyggjarappen Civis byter namn

26. mai 2025 byter Civis namn til Friskus kommune. Appen vil fungere på same måte som i dag, men med ny logo og nye fargar.

Frå latin til vossamål

Vossabedrifta Friskus har teke over ansvaret for innbyggjarappen Civis. I samband med dette vil appen få nytt namn, «Friskus kommune», frå og med 26. mai 2025. Namnebytet gjer det mogleg for innbyggjarar i fleire kommunar å ta i bruk innbyggjarappen.

– Me gjer ei lokal omvending og byter ut latin med vossamål. Ein «friskus» er ein sprek og uredd person med mykje frisk energi og det er akkurat slik me ynskjer å jobbe vidare med appen, fortel dagleg leiar i Friskus, Sigrid Nedkvitne.

Ho understrekar at appen vil fungere akkurat som før:

– Me ynskjer at appen skal halde fram med å vere staden for enkel tilgang på nødvendig informasjon «rett i lomma», uavhengig av bakgrunn og alder. Det vil ikkje endrast, avsluttar Nedkvitne.

Kva betyr dette for meg?

  • Det er ingen endring i funksjonalitet
    Alle funksjonar og tenester vil vere på same stad som du vanlegvis finn dei.
  • Appen får ny logo og fargar
    Appen vil få ny logo og nye fargar som representerer endringa.
  • Du må oppdatere appen
    Etter 26. mai må du oppdatere appen til den seinaste versjonen for at endringa skal tre i kraft.

Slik oppdaterer du appen

  1. Opne App Store eller Google Play.
  2. Søk etter Friskus.
  3. Trykk på Oppdater for å installere siste versjon.

Om du har aktivert automatisk oppdatering, vil du få melding i appen som minner deg på å oppdatere.

Treng du hjelp?

Om du treng hjelp med appen kan du ringe oss på Tenestetorget på telefon 35 06 23 00, eller ta ein tur innom så hjelper me deg!

Slik vil appen sjå ut etter endringa:

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?