No kan du søkje om jaktkort i Vinje

Vinje kommune opnar for jakt på villrein og elg. Innbyggjarar i Vinje blir prioritert.

Årets kvote er på reine bukkekort, frie dyr og kalv. Frie dyr og kalv blir slått saman til ei pakke, der me oppfordrar til å skyte simle på det frie kortet. Bukkekort og fritt dyr/kalv har same pris.

Søk på det kortet du har mest lyst på, så blir du automatisk overført på det andre kortet om du ikkje får fyrstevalget ditt.

Som tidlegare skjer tildeling ved loddtrekning. Når du søkjer om villreinkort betalar du kortet når du søkjer. Det har ingenting å sei når tid du søkjer innanfor fristen, for om du får tildelt kort. Dei som ikkje når opp i trekninga vil få pengane refundert etter få dagar.

Årets kvote på elg er eitt fritt dyr og prisen er 8000 kroner. Den som vinn trekninga betalar etterskotsvis. Søknad om elgjakt er berre open for innbyggjarar i Vinje.

Søknadsfrist for villrein- og elgjakt er 15. juni

Prisar: 

  • Bukkekort ungdom: 1750 kr
  • Bukkekort innbyggjarar Vinje: 3500 kr
  • Bukkekort utanbygds: 7000 kr
  • Fritt/kalv ungdom: 1750 kr
  • Fritt/kalv innbyggjarar Vinje: 3500 kr
  • Fritt/kalv utanbygds: 7000 kr

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?