Vinje kommune sin frivilligpris for 2024 gjeng til Gunn Mari Bendiksen Homleid
Etter framlegg frå Oppvekst- og velferdsutvalet i Vinje, blei det gjort vedtak om å gje frivilligprisen for 2024 til Gunn Mari Bendiksen Homleid.
Gunn Mari Bendiksen Homleid har saman med Anne Merethe Angre opparbeidd ein flott og godt besøkt ungdomsklubb på Rauland. Gunn Mari har gjennom fleire år lagt ned utallige timar for ungdommane og ungdomsklubben på Rauland.
Gunn Mari er svært engasjert og interessert i å bli kjent med ungdommane, og ho har eit stort ynskje om å gje dei ulike tilbod. Gunn Mari er ein tydeleg og trygg vaksen for ungdommane. Ho møter ungdommane på deira premiss med humor og varme, spøk og litt alvor. Der andre kan kjenne seg på utrygg grunn står Gunn Mari trygt, og tar tak i utfordringane som dukkar opp.
Ungdomsklubben på Rauland har høg samfunnsøkonomisk nytte, gjennom blant anna tiltak for førebygging av utanforskap og psykisk uhelse. Rauland ungdomsklubb er trygg og inkluderande, mykje på grunn av det solide arbeidet Gunn Mari har utført.
Gunn Mari har gjennom mange år lagt ned mykje av fritida si for ungdommane, og ho er ein viktig person for dei.
Me gratulerer Gunn Mari så mykje med frivilligprisen 💐

Sist oppdatert