Invitasjon til folkemøte om kommuneplanen sin arealdel
Vinje kommune inviterer alle innbyggjarar til folkemøte om kommuneplanen sin arealdel, som no er lagt ut på høyring. Dette er ein viktig plan som legg føringar for korleis me skal bruke areala i kommunen dei neste åra – til bustader, næring, landbruk, friluftsliv og naturvern.
Tid og stad for folkemøte:
🗓️ Torsdag 12. juni 2025, kl. 18.00
📍 Vinjehuset, Åmot
Haaken Christensen frå SPOR kjem for å fortelje om berekraftig bruk av naturen i reise- og friluftsliv. SPOR er eit rådgjevningsselskap som er opptatt av å ta vare på natur, klima og lokalmiljø.
På møtet vil kommunen presentere hovudinnhaldet i planen, og det blir høve til å stille spørsmål og koma med innspel. Me ynskjer at så mange som mogleg engasjerer seg og bidreg med sine synspunkt i høyringsperioden.
Høyringsperiode:
📅 Fram til 31. august 2025
Slik sender du inn høyringssvar:
✉️ E-post: postmottak@vinje.kommune.no
📬 Post: Vinje kommune, Vinjevegen 192, 3890 Vinje
Får du ikkje høve til å delta på folkemøtet?
Då kan du møte sakshandsamarane på ein av våre opne kontordagar i sommar, kl. 09.00-15.00. Her kan du stille spørsmål og få ein prat om arealdelen.
- 19. juni på Sondov i Rauland, Rjukanvegen 17
- 31. juli på kommunehuset i Åmot, Vinjevegen 192
- 15. august på Haukeli hotell, Hauganvegen 1
Informasjon om planen
Du finn planen og meir informasjon i kommunen sitt digitale planregister Lenke til et annet nettsted., og under rullering av kommuneplan sin arealdel
Åpnes i nytt vindu.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med kommunen på telefon 35 06 23 00 eller e-post postmottak@vinje.kommune.no.
Det blir enkel servering på folkemøtet.
Vel møtt – di meining er viktig!
Sist oppdatert