Bli med på sommarles!

Frå 1. juni til 31. august kan alle som går i 1.-7. klasse delta på lesekampanjen Sommarles!

Sommarles.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. kan du registrere både bøker som barna har lese sjølve, og bøker dei har lese saman med nokon eller lytta til (høgtlesing og lydbøker).

Barna kan både få kule digitale trofé på nettsida, og hente fysiske premiar på biblioteket når dei kjem til level 10, 20, 30, og vidare.

For å bli med på kampanjen går du inn på nettsida sommarles.no Lenke til et annet nettsted., og lagar ein profil til barnet. Bruk e-posten til ein føresett, opprett brukarnamn og passord, fyll inn 0 på lånekort-nummer om de ikkje har det tilgjengeleg (så kan eventuelt biblioteket ordne det seinare). Har de ein profil frå i fjor, kan de bruke den om att.

Barna kan bli med på Sommarles når som helst i løpet av kampanjeperioden fram til slutten av august. Bibliotekfilialane på Rauland og Edland fylgjer skuleruta, så dei stengjer i midten av juni og opnar igjen i midten av august. Hovudbiblioteket i Åmot har berre ope på torsdagar i juli, i vekene 28, 29 og 30. Elles er det opent som vanleg, med unntak av laurdagane i juli og august. Opningstidene elles finn de her.

Me håper at de vil hjelpe barna slik at dei kan delta på lesekampanjen og få gode leseopplevingar heile sommaren! Ta gjerne turen innom biblioteket for å få vite meir.

God sommar med Sommarles!

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?