Dagsturhytte i Vinje 🏡
Vinje kommune skal etablere dagsturhytte ein eller fleire stader i Vinje, og me treng di hjelp for å finne dei beste forslaga!
Kva er ei dagsturhytte?
Ei dagsturhytte er ei enkel hytte på om lag 15-20 kvadratmeter, der du kan ete matpakka, treffe andre, varme deg litt om det er kaldt, og ikkje minst nyte utsikten og naturen. I ei dagsturhytte kan du vere så lenge du vil, men alle besøkande må dele med kvarandre. Det er ikkje lagt til rette for overnatting i ei dagsturhytte.
Dagsturhytter ligg gjerne i tilknyting til turstiar, og dei beste hyttene er universelt utforma.
Hytta me vil setje opp her i Vinje skal vere eigd av kommunen, som også vil sørgje for drift, tilsyn og vedlikehald. Dette kan gjerne skje i samarbeid med eit lokalt lag eller ein organisasjon.
I Vinje vil me nytte eksisterande bygg så langt det er mogleg. Det kan vera at me brukar eit mindre bygg som blir gjort om til ei dagsturhytte, eller me kan bruke delar av eit større bygg, slik at dagsturhytta blir eit bygg inne i eit større bygg. Sjå bilde for korleis dette kan sjå ut.
Det er etablert mange fine dagsturhytter i Noreg. Her kan du sjå døme på dagsturhytter i Vestland og Rogaland Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Kvifor vil me ha dagsturhytte i Vinje?
Initiativet kjem frå Telemark fylkeskommune, som driv prosjektet «Dagsturhytter i Telemark». Gjennom dette prosjektet vil Vinje kommune få tilskot og hjelp til design og anskaffing. Det fylgjer også med ein del krav som me må fylgje for å vere med i prosjektet, mellom anna vil dette prosjektet skilje seg frå andre dagsturhytteprosjekt ved at me vil nytte eksisterande bygg så langt det er mogleg. Bygningane me ynskjer å bruke bør ligge i tilknyting til turstiar, og der det er mogleg vil både tilkomst og sjølve dagsturhytta vere universelt utforma.

Kva skjer no?
Me vil i fyrste omgang kartleggje eigna turstiar og bygg i kommunen, før ei eventuell avgjersle blir tatt i kommunestyret.
Me treng innspel frå deg!
For å få ei god dagsturhytte i Vinje treng me hjelp frå deg! Det me ynskjer innspel på er:
- Gode turmål for dagsturhytter, gjerne med eigna bygg i nærleiken
- Bygg som kunne passe som dagsturhytte, gjerne i nærleiken av ein tursti, men bygget kan også flyttast.
Dei tre viktigaste kriteria for dagsturhytte i Vinje er:
- Bygget bør ligge i tilknyting til, eller eventuelt kunne flyttast til, eit populært turmål i nærleiken av eit av bygdesentera i Vinje.
- Turstien bør vere god og ikkje for krevjande, med god infrastruktur som parkering, skilting og eventuelt toalett.
- Det bør vere ei god forteljing eller historie knytt til bygget eller turstien.
I tillegg ynskjer me å utforme hytte og tursti slik at det er universelt utforma og tilgjengeleg for alle. Det vil også vere viktig at grunneigarar er positive til dette, og at det er mogleg å få til passande avtaler der me eventuelt skulle lande på å etablere hytta.
Slik sender du innspel
Send innspel på e-post til Kristian.rantala@vinje.kommune.no
Ta gjerne bilete av staden, merk av i kart, eller skriv ei forklaring på kor det ligg.
Sist oppdatert