Vellukka folkemøte om arealplanen!

Torsdag 12. juni hadde me eit fint folkemøte på Vinjehuset! Totalt 65 personar hadde tatt turen for å høyre om kommuneplanens arealdel (KPA) som ligg på høyring no.

Me var også veldig heldig å få Haaken Christensen frå Spor til å halde eit flott foredrag om berekraftig reiseliv og besøksforvaltning, med nye måtar å tenkje på i høve ferdsel. Det var ein fin introduksjon til kommuneplanens arealdel og plangrepa som er gjort i denne planen. Desse er i tråd med ny kunnskap og nye føringar for naturmangfald og sårbar natur.

Me vil takke for gode innspel og tankar frå salen!

Hugs høyringsfristen 31.08.25, send innspel skriftleg til postmottak@vinje.kommune.no (merk innspel KPA).

Les meir om arbeidet med kommuneplanen sin arealdel her

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?