Vellukka prøvetur for Eydebåten

I helga besøkte representantar frå Vinje kommune Hardanger trebåt- og handverksfestival, der Eydebåten fekk seg ein prøvetur på fjorden.

Eydebåten var fyrste private motorbåt på Møsvatn, bygd av A/S Maritim, Kristiania. Den blei frakta opp frå Rjukan på ei flat vogn trekt av seks hestar, og var litt av eit syn der bygdefolket brukte å ro. Sam Eyde brukte båten når han skulle til Kromviki med familie, venner og forretningskontaktar han hadde som direktør i Norsk Hydro.

Eydebåten er ein type Plattgatter, som er ein båt med flatt akterspeil. Båten vart bygd i 1916, og er snart ferdig restaurert. Motoren er ein Regal 1918, 2 sylinder, 8 hk, lik originalmotoren.

I helga fekk båten seg ein prøvetur frå Hardanger fartøyvernsenter til Norheimsund trebåtfestival. Båten fekk fyrste premie i klassa "Klassiske motorbåtar, salong og hyttebåtar".

Rjukan-Notodden industriarv

Vasspegelen på Møsvatn er Vinje kommune sin del av Rjukan-Notodden industriarv, og Eydebåten er er eit autentisk objekt frå 1905-1945. Båten blir no freda av Riksantikvaren som flytande kulturminne, og skal få sin plass i lag med resten av industrihistoria til Rjukan - Notodden industriarv som vart innskrive i 2015 på UNESCO si verdensarvliste.

10- årsmarkering på Rjukan

Det er i år 10 år sidan Rjukan-Notodden industriarv vart skrive inn på Unesco si verdsarvliste. Dette markerar dei på Rjukan 5. juli.
Programmat for dagen kan du sjå her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?