"Hakke Peiling" til Trondheim på UKM landsfestival 2025!
Til helga samlast nærmare 500 ungdom frå heile landet i Trondheim for å feire 40 år med ekte felleskap!
UKM feirar 40 år i år og påstår at dei er Noregs viktigaste møteplass for ung kunst og kultur. Blant dei 500 ungdomane er 5 ungdomar frå Vinje, som deltek med bandet "Hakke Peiling".
Bandet skildrar seg sjølv som "ei gruppe engasjerte musikarar som diggar å spele musikk" - betre blir det vel ikkje?
Bandet består av Sunniva Tveito (16 år) piano, Liv Mondal Ljostad (16 år) vokal, Baste Mondal Ljostad (15 år) gitar, Sonder Mølster-Byggland (15 år) trommer og Torjus Mondal Ljostad (18 år) bassgitar.
UKM står for Ung kultur møtast og handler ikkje om konkurranse. Det handlar om å bli sett, høyrd og forstått. Det handlar om meistring, mangfald og medverknad.
I løpet av dagane i Trondheim skal det vere sju konsertar. "Hakke Peiling" skal delta på konsert nr 3, kl. 18.00 sundag 22. juni. Bandet skal spele på den største scena i Olavshallen.
Om ikkje det var nok skal Torjus Mondal Ljostad også delta som konferansier på konsert nr 2, sundag 22. juni kl. 12.30.
Du kan sjå konsertane direkte via lenka under:
Festivaløyeblikk – UKM-festivalen 2025 Lenke til et annet nettsted.
Klikk på UKM TV og vel rett årstal, så skal du koma til livestreaming. Dette blir ikkje aktivert før festivalen er i gang.
Me ynskjer dykk alle ei flott oppleving og lukke til 😀
Sist oppdatert