Me innfører elektronisk byggesøknad for profesjonelle aktørar frå 1. juli 2025

Etter 1. juli vil det ikkje lenger vera mogleg for profesjonelle aktørar å sende byggesøknader på papir eller e-post til Vinje kommune. De må sende søknaden frå ei digital søknadsløysing.
Søknader som kjem på papir eller e-post frå profesjonelle aktørar etter denne datoen, vil bli sendt i retur.

Private kan inntil vidare sende inn søknad på papir og e-post.

Slik søker du

Digitale søknader

Du finn ein oversikt over nasjonale søknadsløysingar for både profesjonelle og private søkarar på Direktoratet for byggkvalitet si nettside.

Større byggetiltak og nybygg må ha ein ansvarleg søkar frå eit godkjent føretak. Ansvarleg søkar har ansvar for at søknaden er komplett.

Dette må du legge ved søknaden

  • Plan- snitt- og fasadeteikningar som er målsett.
  • Situasjonsplan som syner arealbruken på tomta og tiltaket skal vere teikna inn på planen/kartet.

Korleis skrive ut situasjonsplan/kartutsnitt

Nabovarsel

Tiltaket må vera nabovarsla før søknaden kan sendast inn. Nabovarsling kan gjerast digitalt.
Her er ulike plassar å hente nabovarsel frå:

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?