Klimarekneskap 2024
Det totale utsleppet til kommunens drift i 2024 er 480 tonn CO2, ein nedgang 2,2 % frå førre år.

Klimarekneskapen for kommunens drift 2019-2024 vart vedteke av kommunestyret 24.06.25, sak 58/25. Vedtaket vart fylgjande:
Vedtak
Klimarekneskap for kommunens drift 2019-2024 blir vedteke slik det er lagt fram. Vinje kommune ser det som problematisk at noko så naturleg som fordøyelsesprosessen til husdyr blir gjort til eit utsleppsproblem for samfunnet. Ein ber om at Miljødirektoratat fjernar denne utsleppskjelda som ein del av statestikkgrunnlaget for berekning av klimagassutslepp
Administrasjonen har sendt eit brev til miljødirektoratet om å ta ut landbruksstatestikken frå den nasjonale statestikken på direkte utslepp i tråd med vedtaket.
Dokument:

Figur 4. Utslepp av klimagassar som fylgje av kommunal drift i Vinje 2019-2024. Den stipla lina syner framtidig målbane for å nå 60 % kutt i utsleppa i høve til 2019. Klimafokus er forkorta til kf.

Figur 4. Oversikt over prosent utslepp for kommunens drift 2024 dela på klimafokus 1 (fossilt drivstoff-forbruk), klimafokus 2 (innkjøpt energi) og klimafokus 3 (avfall, innkjøpte tenester og køyregodtgjering). Innkjøpt energi og drivstoff frå fossile bilar står for hovuddelen av utsleppa i kommunens drift. Klimafokus er forkorta til kf.
Landbruk
Oppklaring i høve klimastatestikk på direkte utslepp knytt til landbruket og vegen til lågutsleppsamfunn i 2050.
Det er ikkje forventa at ein skal kutte like mykje i landbruket som for dei andre sektorane. Landbruket er den sektoren i 2050 som skal ha ¾ av alt klimagassutslepp i Norge i 2050 (landbruk skal ha 76 % og petroleumsindustri på 18 %), sjå figurane og grafane under. Dette vil sei at alle dei andre sektorane skal kutte kraftig, medan jordbruk skal halde fram nesten slik som i dag (nokon tiltak med blant anna matsvinn, produksjonssvinn, landbruksmaskiner, god agronomi, men det er ikkje forventa store kutt i dei biologiske prosessane knytt til husdyr og landbruksproduksjon). Landbruket skal bestå for sjølvforsyning, matsikkerheit og beredskap.
- Les NOU (Norges offetlige utredninger) om lavutslippssamfunnet her
Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Denne er fylgd opp av ny stortingsmelding om klima som er vedtatt i Stortinget.



Sist oppdatert