Ordførarar i Vest-Telemark tek sterk avstand frå den påsette brannen
Me seks ordførarar i Vest-Telemark tek sterk avstand frå den påsette brannen i garasjen til Vilje Juvskås i Vinje. Juvskås har vore ein initiativtakar til pride-feiringar i fleire kommunar i Vest-Telemark. Politiet etterforskar dette som mogleg hatkriminalitet mot person med annan seksuell orientering.
I fylgje Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress opplever skeive personar at situasjonen har blitt verre etter terroraksjonen i Oslo 25. juni 2022.
Det som skjedde heime hos Vilje, eit ungt menneske med masse pågangsmot, positiv energi og smittsam entusiasme er heilt uakseptabelt.
Det er viktig at alle i Vest-Telemark og i resten av landet skal vere trygge. Alle skal kunne leve sine liv utan å vere redd for å bli mobba, oppleve hærverk eller brannstifting som skjedde natt til torsdag 26. juni.
Alle er like mykje verdt. Respekt for menneskeverdet er det viktigaste. Det gjeld uavhengig av legning eller tru, uavhengig av om ein er funksjonsfrisk eller ikkje og uavhengig av hudfarge. Me må vise omsorg for kvarandre og vere glade for at me har eit mangfald rundt i kommunane våre.
Me ber innbyggjarane stå saman for mangfald. Det er med fellesskap me vernar om tryggleiken og fridomen til kvar einskild.
Uttale frå alle gruppeleiarane i Vinje kommune
Ein brann i Vinje vert no etterforska som mogleg hatkriminalitet. Dette er ikkje berre eit angrep på ein bygning – det er eit angrep på kjernen i lokalsamfunnet vårt og dei verdiane me står for.
Vinje skal vere ein plass for alle. Uavhengig av hudfarge, kulturell bakgrunn, religion, alder, kjønn, kjønnsidentitet eller seksuell orientering – alle høyrer til her. Dette er ikkje berre fine ord, men grunnsteinar i kommunen vår.
Når vald og hat rammar éin, rammar det oss alle. Det undergrev tryggleiken, fridomen og fellesskapet me har bygd opp over tid.
No har me eit ansvar – og eit val:
- Me sender eit tydeleg signal: Hat har ingen plass i Vinje. Alle som bur her – born, unge, vaksne, eldre – skal kjenne seg velkomne og trygge.
- Me fordømmer hat og vald utan atterhald.
- Me handlar, ikkje berre prate. Førebygging og haldningsarbeid må styrkast – både i kommunal samanheng og i samarbeid med politi og frivillige organisasjonar.
- Me må byggje tillit til at kvar melding om hatkriminalitet vert teke på alvor.
I fjor vart Vinje Pride arrangert – med regnbogeflagg, gudsteneste i Vinje kyrkje og parade til Vinjesenteret. Det sendte eit sterkt signal: at mangfaldet finst – og skal feirast. Men det er ikkje nok. Symbol er viktige, men dei må følgjast opp av handling. Me har teke eit steg – no må me ta fleire.
- Alle politiske parti i Vinje fordømmer brannen og all hatkriminalitet.
- Alle politiske parti i Vinje sender varme tankar til Vilje Juvskås og ynskjer sterkt at ho skal bli buande i Vinje.
- Formannskapet vil etter sommaren handsame ei hjelpepakke slik at Vilje Juvskås kan få opp att garasjen som vart brent ned.
- Alle politiske parti i Vinje ynskjer ei auka innsats på førebygging, varsling og støtte til sårbare grupper.
- Det vert sikra vidareføring og styrking av inkluderande arrangement, som Vinje Pride, fleirkulturelle samlingar og opplegg i skulen.
Vinje SP, Vinje SV, Vinje AP, Vinje Høgre, Vinje FrP, Vinje tverrpolitiske bygdeliste, Vinje INP, Vinje DNI
Sist oppdatert