Informasjon om styrkeromma

Styrkeromma i Vinje kommune er sommarstengd frå 1. juli til skulestart 18. august 2025. Frå 18. august vil me halde fram med utvida opningstid, slik at styrkeromma er opne frå 06.00-22.00 kvar dag.

Me er klar over at mange ynskjer sommaropne styrkerom. Det er diverre fleire faktorar som gjer at me ikkje får det til i sommar:

  • Bemanning for reinhald, ettersyn og tryggleik
  • Utforming av inngang og gangar til styrkerom og garderobar gir tilgang til andre lokale som er utfordrande for tryggleiken

Det kjem ei politisk sak til kommunestyret i haust der me tek opp utfordringane med dei styrkeromma me har i dag. Her vil me sjå på rammer for styrkerom og treningssenter i kommunal regi, og korleis me kan lage eit best mogleg tilbod innanfor desse rammene, med bakgrunn i brukarundersøking, driftserfaringar gjennom fleire år og ikkje minst liknande døme frå andre kommunar.

Det kjem meir informasjon om dette i løpet av hausten.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?