Ledige plassar i Vinje kulturskule
Frå hausten har Vinje kulturskule nokre ledige plassar. Finn du noko som er interessant kan du fylgje denne lenka og koma inn på kulturskulen sine nettsider. Der kan du søkje om plass, og du vil også finne prisar for tilboda, samt ordning for friplass.
Velkomen som søkjar!
Ledige plassar skuleåret 2025-2026:
Dans, Edland:
- Gruppe 1: 6-10 år (fleire plassar ledig)
- Gruppe 2: 11 år og oppover (nokre plassar ledig)
Dataspel, Åmot:
- Gruppe 1: 12-14 år (fleire plassar ledig)
- Gruppe 2: 15-18 år (1 plass ledig)
- Jentegaming: 10 år og oppover (fleire plassar ledig)
Friluftsliv:
Fylgjer eigen semesterplan. Krev at føresette innimellom stiller som sjåførar og er med på turar.
Alder: 12 år og oppover (5 ledige plassar)
Visuell kunst:
- Visuell kunst 1, Vinjar: 10-12 år (fleire plassar ledig)
- Visuell kunst 2, Vinjar: 13 år og oppover (fleire plassar ledig)
«Kurs i handverk», 8 vekers kurs for 4. klassingar:
- Edland skule, veke 36-44. Fredagar frå kl. 14.45-16.15
- Åmot skule, veke 3-11. Fredagar frå kl. 14.45-16.15
- Rauland skule, veke 12-20. Onsdagar frå kl. 14.45-16.15
Instrument:
Det er diverre ikkje ledige plassar på individuelle instrument denne hausten.
Om du ynskjer plass på instrument kan du søkje, og vil då hamne på venteliste. Du vil rykke framover i køen etter kvart som me får ledig plass.
Me har inntak av nye elevar to gonger i året, ei gong på hausten og ei gong i januar.
Sist oppdatert