Redusert makspris på barnehageplass frå 1. august 2025

Foreldre skal ikkje betale meir enn maksprisen for ein barnehageplass.

Frå 1. august 2024 vart maksprisen sett til 2 000 kroner per månad. Prisen blir ytterlegare redusert til 1 200 kroner per månad frå 1. august 2025.

For kommunar som er klassifiserte som minst sentrale (sone 5 og 6 i sentralitetsindeksen til Statistisk sentralbyrå), er maksprisen lågare.
Her vart maksprisen sett til 1 500 kroner frå 1. august 2024, og vil bli redusert til 700 kroner per månad frå 1. august 2025.

Vinje er i sone 6 og vil difor få 700 kroner per månad som makspris for full barnehageplass.

Her finn du informasjon om makspris, syskenmoderasjon og moderasjonsordningar for familiar med låg inntekt Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?