Førehandsrøysting til Stortings- og sametingsvalet startar måndag 11. august!
Frå 11. august til og med 5. september kan du førehandsrøyste. I denne perioden kan du røyste i vallokale over heile landet.
Du vel sjølv om du vil førehandsrøyste eller røyste på valdagen. Men du kan berre røyste ein gong. Dersom du røystar på førehand kan du ikkje røyste på nytt, heller ikkje på valdagen.
Førehandsrøysting i Vinje kommune
Du kan førehandsrøyste ved Tenestetorget på kommunehuset, måndag til fredag mellom klokka 08.00 - 15.00.
I tillegg blir det mogleg å førehandsrøyste på desse stadane:
- Vinje sjukeheim:
20. august kl.10.00 – 12.00 - Universitet på Rauland:
26. august kl. 09.00 – 11.30 - Rauland omsorgssenter:
26. august kl. 12.00 – 14.00 - Norheimstunet:
25. august kl. 10.00 – 12.00
Røyste heime:
Dersom du er sjuk eller ufør og ikkje kan røyste i eit vallokale, så kan du søke om å få førehandsrøyste heime eller der du oppheld deg. Om du bur på ein institusjon der det blir arrangert førehandsrøysting, treng du ikkje å søkje.
Fristen for å søke om heimerøysting er torsdag 4. september 2025 kl. 12.00.
Du må gjera avtale om heimerøysting:
Ring Tenestetorget på telefon 35 06 23 00, send e-post til postmottak@vinje.kommune.no eller sende brev til valstyret Vinje kommune, Vinjevegen 192, 3890 vinje.
Hugs legitimasjon
Du må ha med legitimasjon når du skal røyste. Legitimasjonen må ha namn, fødselsdato og bilete. Om røystemottakaren ikkje kjenner deg, vil du elles ikkje få røyste.
Sist oppdatert
